Ved ein adopsjon blir alle rettslege band brotne mellom barn og foreldre, og foreldreansvaret blir overført til adoptivforeldra. Dersom omsorga for eit barn er overteken av kommunen, kan foreldra til barnet velja frivillig å adoptera bort barnet. Lova opnar også for at nemnda kan bestemma at foreldreansvaret skal takast frå foreldra og at barnet skal adopterast bort mot viljen til foreldra.

Eit vedtak om tvangsadopsjon er svært inngripande og kan berre treffast når det er sannsynleg at barnet uansett vil veksa opp i fosterheimen. Dette kan anten vera fordi omsorgssvikten til foreldra er varig, eller fordi barnet har fått ei slik tilknyting til fosterforeldra og miljøet der, at det kan føra til alvorlege problem for barnet om det blir flytta. Fosterforeldra må dessutan ha vist over tid at dei kan gi barnet god omsorg. Dette betyr at saker om tvangsadopsjon sjeldan er aktuelle før barnet har budd ei viss tid i fosterheimen.

Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8 set strenge vilkår for å ta avgjerder om tvangsadopsjon. Høgsterett har uttrykt at det trengst "særleg tungtvegande grunnar" for å bestemma at barn skal adopterast bort mot viljen til foreldra, og at dette kravet er på linje med det Den europeiske menneskerettsdomstolen har fastsett i avgjerdene sine.